4xtipp- og 5xtipp-
oldeforeldre: Mons og Anne

Mons Olsson, f. 1723 på Roteneset i Førde, d. 1807. Foreldre: Ole Monsson og Brite Matsdotter.

Anne Monsdotter Wirak, f. 1725 på Vidrek i Ankenes i Nordland, d. ca. 1795. Foreldre: Mons Pedersson og Anne Akselsdotter.

Roteneset ligg på nordsida av Førdefjorden, omtrent midt mellom Naustdal og Førde.

Dom. Sex. var for Storm ingen Almue. Aftenen for kom de af Virach med barn til Daaben. Blev da døbt Mons Pedersens af Virach og hans Qvindis Barn 8 Dager gammelt, nomine Ane. Faddere, Jeg og min Kone, Niels Nielsen og Ane Saltvig, Ane Svenske af Evenæs.

Anne var fødd på Vidrek i Ofoten og kom frå ein velståande familie. Faren Mons var gardeigar og skipper; han dreiv handel med samane i området og hadde Bergens-jekt.

Vidrek er ein stor gard på sørsida av Ofotfjorden, eit stykke vest for der Narvik seinare har vakse fram.