Drapet på Lars Pålsson Skorpa

Om morgonen søndag den 2. august 1750 vart Lars på Skorpa hoggen i hel med øks av kona si, Helge. Korleis kunne det skje at ei alminneleg fiskarbondekone tok livet av ektefellen sin på slikt vis? Kven var Lars og Helge? Korfor drap ho han? I 1750 skulle drap straffast med døden, så korleis gjekk det med drapskvinna på Skorpa?

Fram til påske i 1750 skal Lars Pålsson og Helge Larsdotter på Skorpa ha hatt eit godt samliv. Men sommaren 1750 vart ikkje som tidlegare somrar. Tidleg ein søndagsmorgon hogg Helge mannen sin i hel.

Den 19. søndagen etter treeiningssøndag i 1750 var det preike på Kinn. Lars Pålsson Skorpa, 45 år, vart gravfesta, dvs. at presten kasta jord på grava. Presten skriv ingenting om at han var drepen! Det var dåp av eit barn frå Ytre Reksta, og 71 menneske gjekk til alters. (Frå Ministerialbok for Kinn, 1729–85, folio 206b.)

Vi skal i grove drag la referatet frå rettssaka fortelje kva som hadde føregått på Skorpa i desse månadene, og kva som skjedde i solrenninga den 2. august. Men først skal vi sjå tilbake på opphavet til Helge og Lars og livet deira fram til 1750.

Helge Larsdotter kom frå Eimhjellen i Gloppen. Ho var fødd rundt 1703 og var dotter av bondefolka Lars Jonsson og Gjertrud Andersdotter. Det var skifte etter Gjertrud på Eimhjellen i 1744, og då var Lars og ti barn i live. Mellom dei var Helge, gift med «Lars Floren».

Denne Lars var Lars Pålsson, som var fødd på Flora i 1705. Foreldra hans var bonden Pål Sjursson og Cecilie Larsdotter, vigde i 1707. Pål døydde kort etter, og Cecilie gifta seg om att med Ola Kristoffersson Flora i 1710. Ola vart altså Lars sin stefar. Det ser ikkje ut til at Lars hadde søsken.

Helge Larsdotter var først gift med Hans Andersson frå Havikbotnen. Dei budde på Flora, og det var skifte der etter Hans i 1729. Arvingar var enkja Helge og fire felles umyndige barn: to søner som begge heitte Anders, og to døtrer som heitte Brite og Johanne.

Helge Larsdotter gifta seg om att med Lars Pålsson Flora den første adventssøndagen i 1730. Trulovinga fann stad den 18. juni, med trulovarar Jakob Desideriusson Flora og Lars Eriksson Haukå.

Den andre søndagen etter treeiningssøndag i 1730 vart ungkar Lars Pålsson Flora og enkje Helge Larsdotter same stad trulova, med trulovarar frå Flora og Haukåa. Frå Ministerialbok for Kinn, 1729–85, folio 108a.

Allereie i januar 1731 kom det ein gut, men han levde berre i tre veker. Seinare kom det minst åtte barn til som perler på snor frå 1732 til ca. 1747, og seks av dei levde opp. Dei fleste av barna var fødde på Flora, moglegvis med unntak av dei yngste. Ein gong mellom 1744 og 1749 flytta nemleg Lars og Helge med barneflokken frå Flora og ut på Skorpa. Der bygsla dei eit gardsbruk.

I juni 1750 får vi eit bilde av familien på Skorpa. Då var det skifte etter Helge sin son, ungkaren Anders Hansson Skorpa. Ved sida av mora var det åtte søsken som arva han: fullsøstrene Brite og Johanne og seks halvsøsken: Pål, Søren, Gjertrud, Cecilie, Karsten og Kari. No bestod altså familien av Lars og Helge, seks felles barn og hennar to døtrer.

Ekstrarett i Hellevika

Rettssaka fann stad i Hellevika laurdag den 22. august 1750. (Saksreferatet finn ein i tingboka for Sunnfjord (Lenet) 1748–51, folio 172a–175b.) Det var ein ekstrarett som var innkalla av futen i Fjordane, kammerråd Hans Thiis Nagel på Svanøya. Saka vart ført av futen sin fullmektig Peder Samuelsen. Lagrettemenn var Kornelius Kasparsson, Lars Pedersson, Peder Andersson (alle frå Svortevika), Absalon Nilsson, Jakob Andersson (begge frå Standalen), Abraham Larsson, Ola Andersson (begge frå Stavøya) og Johannes Simonsson (frå Seterskaret). Helge hadde fått oppnemnt  Hans Pedersson Hansen som forsvarar (presteson frå Holmedal og gjestgivar i Sauesundet på Atløya, seinare lensmann i Askvoll).

Tiltale og strafferammer

Helge hadde vore i arrest sidan den 3. august, og no vart ho altså stilt for retten tiltalt for drap. I 1750 var det Christian Vs Norske Lov som gjaldt. Her fastset bok 6, kapittel 6, artikkel 1: «Hvo som dræber anden, og det ikke skeer af Vaade, eller Nødværge, bøde Liv for Liv». Drap skulle straffast med døden, men det var altså unntak for ulykke (våde) og naudverje. Og om drap gjort i forvirring og galskap sa artikkel 17 dette: «Skeer Drab af nogen i Vildelse og Raserj, da bør han ej paa Livet at straffis …». Uansett skulle det betalast bøter til den drepne sine arvingar og etter artikkel 1 òg til øvrigheita.

Helge Larsdotter vert avhøyrd

Retten opna med framlegging av ulike fullmakter og brev. Helge Larsdotter Skorpa vart ført fram for retten og spurd om ho hadde drepe mannen sin. Ho tilstod det. På spørsmål om grunnar til drapet svarte ho at ho ikkje hadde nokon grunn, for «hændes Mand var Altid god imod hænde, men hun var nød til at tage livet af ham». Då retten så prøvde å få henne til å forklare seg nærmare, stoppa det opp: Ho var forvirra og skreik og hylte og vart ført vekk frå retten. Andre som var til stades, kunne opplyse at Helge var om lag 47 år gammal, og at ho hadde to døtrer frå første ekteskap med Hans Andersson og seks barn med den drepne. Då drapet skjedde, låg tre av barna sjuke i den farlege smittsame sjukdommen koppar.

Husmannen Ola vitnar

Så vart vitna kalla fram, tekne i eid og eksaminerte. Først ut var Ola Johannesson, som var husmann på Skorpa. Han fortalde at Helge Larsdotter «alt fra nogen Tid for Pintzedag, have været meget urolig, vankelmodig [dvs. ustadig], og deels rasende». Ho hadde sprunge rundt på garden og inne i husa og stadig ropt «Gud trøste og bedre mig». Ho hadde fortapt sjela si, sa ho, og ho vart meir uroleg utover sommaren. Søndagsmorgonen den 2. august kom husmannen Jon Hansson til Ola mens han endå låg og sov – Ola måtte komme, for Lars Skorpa var skadd av kona si. Ola stod opp og sprang heim til Lars. Der var Jon kommen allereie; han sat i mjølkestovedøra og heldt Lars. (Her er det snakk om mjølkestova, mens det elles er tale om eldstova. Det gjeld vel den same bygningen.) Lars var allereie død. Han var hoggen i brystet med ei øks, og noko av innvolen hadde komme ut. Ola var med og bar den døde inn i stova. Helge tilstod at ho hadde drepe mannen med ei øks, og ho la til at «dette er icke nock, der vil meere til». Helge var ålvåt, og sonen Pål fortalde at ho hadde vilja drukne seg etter drapet, men at han hadde redda henne. Då batt dei henne fast så ho ikkje skulle gjere meir skade. Deretter drog Ola til Kinn etter folk som han hadde med tilbake. Så gravla dei Lars Pålsson på Kinn tysdagen etter, altså den 4. august.

Husmannen Jon vitnar

Det andre vitnet var husmannen Jon Hansson Skorpa. Han forklarte at Helge og mannen hadde levd fredeleg og sømeleg saman så lenge ho var ved forstand. Sidan før pinse hadde Helge vore svært ustadig og uroleg. «I har icke nødig at frygte for mig», sa ho, «men Gud bedre mig for min Mand og Børen, der faae mig ødelægge». Ein gong om sommaren hadde Lars fortalt Jon at Helge hadde teke nokre høvelsponar og lagt i døra og tent på. Lars hadde sløkt elden, men Jon hadde seinare sett at det hadde vore eld i sponane. Om søndagsmorgonen den 2. august kom tenestejenta Ane Andersdotter til Jon då han endå var i seng, og ropte at han måtte komme; «min Madmoder har giort min Husband Skade». Jon varsla først Ola Johannesson før han sprang til huset til Lars. Der sat tenestejenta i døra til eldhuset og heldt Lars. Skaden Lars hadde fått, var slik Ola hadde vitna. Jon tok Lars og heldt han, og i det same døydde Lars mellom hendene hans. Dei bar den døde inn i stova og la han på brisken. Helge Larsdotter vart bunden. Jon fekk seg fortalt at Helge i morgonstunda «med een Øxe, saaledes havde dræbt og omkommet hændes Mand» mens han sov. Lars hadde komme trøytt heim av havet kvelden før.

Tenestejenta Ane vitnar

Det tredje vitnet var Ane Andersdotter Skorpa. Ho var 33 år gammal og fortalde at ho hadde tent halvtanna år hos Lars Skorpa. Ho fortalde at ektefolka hadde levd kjærleg og fredeleg saman inntil kvinna vart gripen av uro. Det hadde ikkje mangla noko på forstanden til Helge Larsdotter før nokre veker etter påske det året, altså i midten av april. Då vart Helge sjuk og låg til sengs i tre dagar. Helge hadde «faaet en Beængstelse paa sig». Det hadde komme for henne i søvne «at hun var icke Værdig, at gaa til Guds Bord», og at ho engsta seg for at ho tidlegare hadde gått til alters utan å vere verdig til det. Slik gjekk det fram til pinse, då Helge tok til å rope om at ho ikkje kunne bli salig. Fjorten dagars tid før jonsok begynte ho å seie at ho måtte ta livet av mannen og barna, «endskiønt de vare uskyldige». Ho måtte gjere det for si eiga skuld, sa ho. På denne tida hadde Helge òg sprunge på sjøen og vilja drukne seg, men mannen hadde fått henne opp att.

Ein gong hadde Ane funne ein kniv i senga til Helge, og då begynte Lars å halde kona si bunden om nettene. Laurdag ettermiddag før ulykka skjedde, kom Lars heim frå havet. Den dagen hadde Helge vore stille og roleg, ho var sjuk på kroppen og tok ikkje til seg mat. Derfor kunne ikkje nokon tru at ho ville føreta seg noko vondt, og mannen lét henne vere ubunden om natta. Helge Larsdotter la seg i senga i stova, og Lars la seg på golvet der det var reidd seng til han. Ane låg den natta i eldstova for å sjå etter tre av barna på garden, som låg sjuke av koppar.

Om søndagsmorgonen vakna Ane av eit skrik. Ho gjekk ut, og der kom Lars og halla seg mot eldstovedøra. Han var hoggen med ei øks, eitt hogg inn i brystet; han blødde sterkt, og innvolen ville komme ut. Ho fekk henta husmennene Jon og Ola, men Lars døydde mellom hendene på dei. Ane sa til Helge: «nu har I giort Ulycke paa Eders Mand», men ho svarte at «det faar saa være, ieg faar endnu giøre mere ont». Og så vart Helge bunden.

Sonen Pål vitnar

Så var det 19 år gamle Pål Larsson Skorpa, sonen til Lars og Helge, som skulle vitne. Han vitna heilt samsvarande med vitnemålet til Ane. Han la til at då skaden var gjord om søndagsmorgonen, var dei ei lita søster av han som fortalde at mora hadde sprunge på sjøen. Pål sprang ned og fann mora flytande på sjøen og fekk henne opp att og inn i stova, der ho vart bunden. Meir kunne han ikkje fortelje, anna enn at mora «alle tider nesten i denne Sommer Var Gal og Rasende».

Gravopning

Dei siste vitna var tre menn som etter ordre frå aktor hadde grave opp att likkista og undersøkt liket av Lars. Det var Jakob Andersson Standal, Absalon Nilsson Standal og Lars Mattisson Flora. Dei forklarte at dei fredag den 7. august hadde reist ut til kyrkjegarden på Kinn og grave opp kista. Dei hadde opna kista og sett at den døde var hoggen med ei øks nedst i brystet, «og det saa langt ind i Brystet, som Øxen var, alt indtil Skaftet». Dei kunne sjå at magen hadde komme ut gjennom holet der øksa hadde stått. Deretter lukka dei kista og gravla Lars att.

Forsvaret

Forsvarar Hans Pedersson Hansen utførte oppdraget sitt godt. Han argumenterte for at vitneavhøyra synte at Helge Larsdotter Skorpa lenge før ulykka skjedde, hadde vore «i stor Daarlighed, Raserie og Galenskab». Han meinte at den drepne mannen hadde vore uforsiktig og sjølv var skuld i ulykka. Forsvararen påstod at Helge «for dette sit i Raserie begangne Mord» måtte frikjennast heilt «for livs Forbrydelse», og elles bad han om ein mild dom.

Ingen av partane hadde no meir å tilføye.

Dommen

Dermed kunne dommaren og lagretten avseie sin dom. I tingboka står dette:

Af de i denne Sag, Eedelig afhørte Vidner, samt Sogne Præstens i rette komne attest, item af Delinqventinden [dvs. forbrytarkvinna] Helge Larsdatters examination for Retten, er det til fulde oplyst og bevislig forklart, at det Mord som af bem[eldte] Helge Larsdatter, paa hændes Ægte Mand Lars Paulsen Skorpen har begaaet, er skeed i sterk Vildelse, og Raserie, saa det Aldelis icke kand udfindes, at hun af ondskab og Forsæt, eller af Vreede eller særdelis Had til Manden, i nogen Maade slig Gierning har forøvet, da det tvert imod af acten er udfindelig at de begge førend dette Paroxysmus [dvs. raserianfall] hænde overkom, har levet i et meget, Venlig og Kierlig Ægteskab med hin anden indbyrdes, og i slig anleedning understaar [dvs. vågar] denne Rett sig icke (for dette ellers begangne Grove Mord, efterdi hun icke er eller har været ved hændes fulde fornuft og forstand) hænde til Straf paa Livet at Condemnere [dvs. dømme].

Helge får avsagt dommen mot seg: «Derpaa blev af Dommeren og Laugretten, i denne Sag, saaledes for Rett Dømt og Afsagt!» – sjå framhald i brødteksten. (Frå Tingbok for Sunnfjord (Lenet) 1748–51, folio 175a.)

Helge vart altså ikkje dømd til døden, for det var bevist at ho var sjuk på sinnet. Derimot skulle ho betale full mannebot, og familien vart pålagd å halde henne i forvaring «enten i byens Daarekiiste [dvs. galehus], eller udi et sickert Huus, paa Landet, saaledes at ved hændes Raserie, icke endnu større Ulycke skulle foraarsages». Slik vart altså det vidare ansvaret for den sinnssjuke Helge lagt på dei etterlatne barna.

Etter rettssaka

Allereie den 6. august hadde skiftet etter Lars Pålsson Skorpa vorte opna. Til formyndarar for dei to eldste sønene Pål og Søren vart soknepresten Frants Fuhrmann utnemnd. (Fuhrmann hadde vore sokneprest i Kinn berre i eit halvår, men før det hadde han vore kapellan sidan 1744.) Ola Kristoffersson Flora, stefaren til den avdøde, vart formyndar for Karsten og Kari, og Lars Eriksson Haukå vart formyndar for Gjertrud og Cecilie; dette er den same Lars Haukå som var trulovar for Helge og Lars i 1730. Det vart halde auksjon i buet den 22. oktober 1750. Skiftet vart avslutta av futen Nagel den 7. juli 1751. Buet hadde ei formue på vel 127 dalar, men det gjekk ut ein del til kreditorar. I sluttoppgjeret fekk kvar son i underkant av 13 dalar, og kvar dotter fekk noko over 6 dalar – søsterparten var det halve av brorparten.

Helge vart sitjande i arrest fram til den 15. oktober 1751. Ho skulle sjølv betale utgiftene, 28 1/3 dalar, men buet hennar var på berre 4 dalar. Futen Nagel skreiv då at arvingane hennar ikkje kunne leggje ut resten, for då ville dei verte heilt ruinerte i tillegg til den sorga dei var i; stiftsamtet måtte bere kostnadene, meinte han.

Sidan høyrer vi ikkje meir om Helge før ho døyr i 1776. Ho vart gravlagd på Kinn, og gravfestinga skjedde den 8. september. Då skreiv presten at ho var 78 år, men etter eldre dokument å dømme er nok 73 år ein rettare alder.

Den 14. søndagen etter treeiningssøndag i 1776 var det preike på Kinn. Helge Larsdotter Skorpa vart gravfesta, og 20 menneske gjekk til alters. (Frå Ministerialbok for Kinn, 1729–85, folio 425b.)

Avrunding

Hadde Helge levd i dag, ville ho sannsynlegvis ha vorte psykiatrisk utgreidd, fått ein diagnose, vorte medisinert og fått samtaleterapi. Ho hadde hatt ein kortvarig kroppsleg sjukdom før ho utvikla det som tydeleg var religiøse vrangførestillingar. I 1750 hadde ein ikkje utvikla noka særleg forståing av psykisk sjukdom, men ein snakka om «villelse» og «raseri» som tilstandar som personen ikkje rådde over sjølv. At slike tilstandar kunne frita ein drapsmann – eller ei drapskvinne – frå dødsstraff, er eit humant drag ved Christian Vs Norske Lov. Øvrigheita gjorde slik dei skulle; det vart utnemnt ein forsvarar, og han gjorde jobben sin: Han synte til at vitneeksaminasjonane hadde vist at Helge var frå forstanden, og derfor måtte ho sleppe dødsstraff. Slik gjekk det òg. Korleis Helge hadde det resten av livet, korleis ho oppførte seg, og kven som tok seg av henne, veit vi ingenting om.

Etterslekta

Korleis gjekk det med dei åtte barna til Helge? Barna med Lars var frå tre til 19 år gamle i 1750, og døtrene med den første ektemannen, Hans, var eldre. Vi kan stort sett berre undrast korleis livet deira vart vidare, men litt veit vi. To døtrer, Brite og Gjertrud, døydde truleg utan etterkommarar. Dei er nemleg ikkje nemnde saman med søskena sine i skiftet etter Helge si søster Brite Larsdotter Skorpa  i 1789. Men dei seks andre barna til Helge gifta seg og fekk eigne barn, over 20 i alt. Johanne gifta seg med Johannes Olsson Skorpa i 1751. Johannes bygsla jord på Skorpa til 1767, truleg det same bruket som Lars hadde hatt. Seinare budde Johannes og Johanne i Havikbotnen. Pål rydda jord på Skorpeidet, tinglyst i 1770. Søren busette seg i Barekstad, Cecilie og Kari i Hovden og Karsten på Espeset. I 1778, to år etter at Helge døydde, fekk ho eit barnebarn oppkalla etter seg. Det var Karsten på Espeset si dotter.

Svært mange i Kinn og utanfor kan føre slektsrøtene sine tilbake til Lars og Helge på Skorpa. Dei er 5xtipp-oldeforeldra mine.

Namnet Helge levde vidare i sonedottera Helge Karstensdotter, fødd på Espeset i 1778. (Frå Ministerialbok for Kinn, 1729–85, folio 439b.)

Viktigaste kjelder

Digitalarkivet: tingbok, kyrkjebøker, manntal og folketeljingar, skifteprotokollar.

Albert Joleik, Soga om Flora, Flora Sogenemnd 1980.