Ekteskapsbråk
I 1749 var det reist sak mot Valentin Halvorsson Steinhovden. Saksøkjar var stesonen Mons Olsson Naustdal på vegner av mora Brite Matsdotter, som var blitt gift med Valentin nokre år før. Mons hadde stemna inn ei rekkje vitne som skulle avhøyrast om Valentin sitt «Forhold mod hans Hustrue». Saka begynte på tingstaden Hellevika i Brandsøy skipreide den 18. november 1749.
Brite Matsdotter var fødd på Hafstad i Førde ein gong rundt 1700, med foreldre Mats Berentsson og Anne Susanne Didriksdotter. Ho gifta seg med Ole Monsson i 1722; han var enkjemann og lensmann i Svanebirket, hadde vore gift på Roteneset i Førde. Ole og Brite budde først på Roteneset og seinare i Naustdal. Dei hadde minst sju barn fødde i tida frå 1723 til 1738. Utanom Mons kan nemnast Henrik Olsson, som blei gjestgivar i Kinnasundet, og Pernille Olsdotter, som blei gift med klokkaren i Kinn og budde på Indre Reksta. Ole Monsson døydde i 1741.

Valentin Halvorsson var fødd i Høyvika i Kinn i 1713, med foreldre Halvor Henriksson og Anne Andersdotter. Han gifta seg med Dorte Larsdotter i 1734 og var då busett i Steinhovden. Han hadde eit gardsbruk der. Det var skifte etter Dorte i 1743, og det var ingen barn i ekteskapet. Valentin blei gjestgivar på Nyttingnesholmen i 1746 og overtok då etter Trine Klausdotter, som var enkje etter bror hans, Abraham Halvorsson. Valentin og Brite gifta seg det same året.

Den 17. november 1749 opna «det almindelige Høst-, Sage- og Skatteting» i Hellevika under leiing av futen, kammerråd Hans Thiis Nagel. Saka mot Valentin begynte dagen etter.
Hellevika den 18. november 1749
Mons Olsson Naustdal hadde altså stemna stefaren Valentin Halvorsson og kalla inn ei mengde vitne. Valentin møtte ikkje då saka starta, og kallsmennene, lensmann Nils Andersson Standal og Ole Olsson Stavang vitna at Valentin og vitna hadde fått forkynt stemningane på lovleg vis. Så begynte vitneforklaringane.
Odd Sakariasson Steinhovden fortalde at Valentin heldt til på Nyttingnesholmen, mens Brite var i Steinhovden og dreiv garden. Då ho sist sommar bad mannen om meir hjelp på garden, nekta han ho det. Då sa ho at ho ville reise sin veg, og Valentin svarte: «Dra, i Jesu namn!» Ville Brite og barna ha noko meir av han, fekk dei stemne han inn for øvrigheita, sa han. Ein gong då Valentin og kona krangla etter at ho hadde vore bortom Odd, sa Valentin at ei slik sladrekjerring måtte køyrast på dør. Odd fortalde at Brite og barna hadde gått i dårlege klede og sko, og han hadde vore nøydd til å hjelpe dei.
Jakob Rasmusson Steinhovden vitna at Valentin og kona ofte hadde vore i klammeri, begge like ille, men det var Valentin som begynte. Ein gong hadde Valentin tilbydd Jakob pengar for å føre Brite frå garden, og ein annan gong hevda Valentin at Brite hadde ete opp eller stole frå han alt smøret på Nyttingnesholmen.
Lars Andersson Seljeset fortalde at han hadde vore på Nyttingnesholmen denne sommaren, og Valentin og Brite hadde vore i krangel. Valentin var sint for at han var stemna inn for øvrigheita, og sa at Brite og familien hennar og «prokuratoren hennar i Osen» laug på han og berre var kjeltringspakk. (Denne «prokuratoren» må ha vore Peder Jakobsson. Han og Valentin hadde ei rekkje rettssaker gåande mot kvarandre.) Valentin sa at kona ikkje skulle få noko av hans hus; han ville gå frå ho. Han tedde seg som galen, meinte vitnet, men han var òg noko rusa. Brite hadde derimot oppført seg roleg og vennleg mot mannen.
Johannes Høyvik stadfesta det Lars Seljeset hadde fortalt. Men elles bad han om å sleppe å vitne den dagen, for han var ikkje frisk.
Torstein Larsson Høydal hadde denne hausten vore på Nyttingneset. Han hadde då høyrt at Mons Olsson bad stefaren Valentin om å ta Brite ut til seg på Holmen og leve som skikkelege ektefolk. Valentin svarte at han ikkje ville ha ho hos seg før ho skikka seg som ei kone skal. Han ville elles ikkje vite av verken kona eller barna hennar.

Gunnilde Olsdotter Hovland fortalde at ho hadde vore i Steinhovden tre veker tidlegare. Då hadde Valentin komme frå Holmen og gått inn i stua der, men Brite var ikkje heime. Han spurde Gunnilde kor Brite var, og ho svarte at ho var i Eikefjorden. Då sa Valentin at hadde han vore i Eikefjorden skulle han ha teke Brite og ført ho ned i båten og vist at han hadde makt over ho. Elles kunne ho følgje fanten og kjeltringane; der var nokre fantar på Holmen no, så dei kunne ho ta følge med. Gunnilde sette fram mat til Valentin. Han åt nokre skeier, men kasta så skeia frå seg i sinne og sa at hadde han hatt kona der, så skulle ho få kjent at ho hadde mann. Så gjekk Valentin bort til huset til Odd Sakariasson; Gunnilde følgde etter og ville ha han heim for å legge seg. Han svarte ikkje til det. Dagen etter tok Valentin og slakta ei ku. Gunnilde sa at beistet ikkje hadde vore friskt, og ho bad Valentin tre gonger om å få Odd til å sjå på dyret. Valentin svarte berre at det ikkje trongst. Han skar kjøtet av den slakta kua og bad Gunnilde om å salte det. Det gjorde ho. Valentin sa til ho at ho og barnet kunne ta eit stykke og lage seg mat av det. Men då drengen på garden kom heim, grov han kjøtet ned.
Simon Olsson Vevring fortalde at han og Brite hadde komme til Holmen om sommaren, etter at dei hadde vore på tinget. Valentin låg på senga, og Brite gjekk bort og ville omfamne han. Men han snudde seg frå ho og mot veggen. Brite kledde av seg og ville legge seg til mannen. Ho ville trekkje ut benken så det blei plass til begge. Men Valentin flytta seg ikkje, så ho fekk ikkje benken fram. Då sa Simon: «Betenk deg, Valentin, kvinna kjem kjærleg til deg, la ho få rom.» Valentin sa at det fekk ikkje hjelpe. Då Brite la seg i senga, stod Valentin opp og ville ikkje ligge der med ho. Han meinte Brite og Mons var ute etter å få han i bolt og jern.
Karsten Nilsson Naustdal vitna at han om hausten hadde vore på Holmen. Valentin hadde skjelt og banna og sagt at dei, altså kona og barna hennar, hadde reist prosess mot han for geistleg og verdsleg øvrigheit, og at slik slike kjeltringar og kjeltringskrefter skulle avskaffast.
Ole Andersson Kvalvik fortalde at han ofte hadde høyrt Valentin og Brite krangle, men meinte at begge var like ille. Ein gong om hausten hadde stesonen Mons spurt om det var slik at Valentin hadde teke nøklane frå kona og gitt dei til tausa. Ja, Valentin stadfesta det.
Gunnilde Olsdotter stod no fram for retten igjen og fortalde noko ho hadde gløymt ved vitnemålet sitt, nemleg at Valentin hadde skulda kona for å ha stole frå han.
Einar Andersson Standal vitna at han hadde høyrt Valentin seie at Brite var verd både å hårdragast og halsdragast: «Fanden førte ho hit, og Fanden måtte føre ho vekk att.»
Kari Larsdotter Steinhovden hadde ofte høyrt at Valentin banna til kona si, og ho hadde sett at Brite måtte gå ut når Valentin skulle ete.
Denne tingdagen lei mot slutten. På spørsmål frå Mons Olsson stadfesta vitna at Valentin hadde halde seg vekke frå kona si i nesten eit år. Ho hadde måtta drive garden i Steinhovden nesten utan hjelp frå mannen, utanom nokre få dagar i slåtten. Han hadde elles halde seg på gjestgiveriet sitt på Nyttingnesholmen.
Saka slutten for dagen med at Mons la fram ein attest frå presten som skulle følgje akta. Det blei sagt at saka skulle halde fram dagen etter, men det skjedde ikkje. Den vidare vitneførselen måtte vente i sju månader.
Hellevika den 26. juni 1750
Den 25. juni 1750 opna «det almindelige Sommer-, Skatte- og Sageting» i Hellevika. Dagen etter heldt saka mot Valentin Halvorsson fram. Valentin hadde ikkje møtt fram no heller. Kallsmennene Nils Andersson Standal og Holger Andersson Stavang vitna at stemninga var lovleg forkynt for Valentin og fleire vitne.
Mons Olsson, som hadde reist saka, var den eldste sonen til Ole Monsson og Brite Matsdotter. Han var fødd på Roteneset i Førde i 1723. Han overtok bruket i Naustdal som faren hadde hatt, i 1745. I 1751 gifta han seg med Anne Monsdotter frå Vidrek i Ankenes i Nordland. Han kjøpte jord i Eikefjorden i Kinn i 1865 og fekk samtidig løyve til å drive kro og gjestgiveri der. Han og Anne hadde mange barn. Anne døydde i Eikefjorden i 1795, mens Mons levde til 1807.
Else Olsdotter Steinhovden vitna at sist sommar hadde Valentin funne Brite på tunet til Else. Han tok ho i armen og ville leie ho heim. Ei slik sladrekjerring måtte ein sende på dør, sa han. Else fortalde at Brite hadde vore dårleg kledd på føtene. Det hadde vore kjekling og forarging mellom ektefellane, men Else kunne ikkje seie kven som var opphav til det.
Markus Nyttingnes vitna at då han og Valentin ein gong var på veg heim frå vårfisket, snakka Valentin om at han skulle rå over det som tilhøyrde kona. Han banna og svor, men Markus bad han teie, for ein liten steson av Valentin var med i båten. Markus hadde ofte høyrt at Valentin var vreid og vrang mot kona si.
Else Olsdotter Nyttingnes erklærte at ho ikkje visste noko om denne saka.
Ole Bjørnsson Nyttingnes fortalde at han ein gong hadde høyrt Valentin seie til Brite at ho ikkje oppførte seg mot han slik ei kone skal. Ho og Mons Olsson hadde tedd seg ufolkeleg mot han. Valentin og hustrua var ofte i skjenneri, fortalde Ole.
No omsider innfann Valentin seg for retten.
Trine Klausdotter Nyttingnesholm hadde meldt forfall på grunn av alderdom.
Jannike Nyttingnesholm var død etter at vitnestemninga var forkynt for ho.
Ananias Sandvik vitna at Valentin for ei tid sidan hadde sagt at han verken hadde kone eller barn.
Johannes Høyvik fortalde at han sist haust hadde reist med Brite då ho skulle be Valentin sende ho arbeidshjelp. Han hadde ingen, sa han, så ho fekk finne seg hjelp sjølv. Han var arg fordi Brite og sonen hadde drege han for retten. Johannes hadde høyrt dei var sinte og skjelte, men kven som var årsak til skjelleriet, visste han ikkje.
Einar Andersson Standal vitna at han i vinter hadde høyrt at Valentin og Brite var så forlikte at ho skulle bu hos han på Holmen. Om dei ikkje kunne komme overeins der, hadde Valentin sagt seg einig i at dei skulle dele buet og skiljast, og at dei var einige om at ho då skulle ta med seg det ho hadde hatt med seg inn i ekteskapet.
Nils Andersson Standal stadfesta det Einar hadde fortalt.
Jakob Hansson Nyttingnesholm fortalde at han hadde høyrt Valentin og Brite krangle. Då var begge like galne, og meir visste han ikkje.
Mons Olsson leverte inn ein attest frå presten av 20. juni 1750.
Markus Nyttingnes svarte på spørsmål at ein søndag då Brite ville reise til kyrkja og var kommen ned på bryggja, kom Valentin og leidde ho heim og sa at ei kone skal vere heime og passe huset sitt.
Mons Olsson begjærte tingvitninga avslutta, og det blei innvilga.
Separasjon fanst ikkje som juridisk ordning på denne tida, og vilkåra for skilsmisse var ikkje til stades. Men ekteparet blei i praksis separert. Valentin Halvorsson døydde i 1755. Skiftet etter han på Nyttingnesholmen viser at han og Brite hadde flytta frå kvarandre. Brite budde i Naustdal og hadde all eigedommen sin der. Einearving etter Valentin var derfor faren Halvor. Det er ikkje kjent når Brite døydde, men det var truleg ikkje så mykje seinare.
På grunn av eit par ekteskap der ektefellane var i slekt, stammar eg frå Brite Matsdotter og den første ektemannen, Ole Monsson, på ikkje mindre enn seks måtar. Dei er 4xtipp-oldeforeldra mine langs éi linje, 5xtipp-oldeforeldra mine langs tre linjer og 6xtipp-oldeforeldra mine langs to linjer. Fire av linjene går gjennom den eldste sonen, Mons Olsson og hans dotter Oline Monsdotter, mens to går gjennom den yngste dottera, Pernille Olsdotter.
Hovudkjelde: Rettsaktene er å lese i Tingbok for Sunnfjord (Lenet) for 1748–51, fol. 107b–109b og fol. 154b–155a.
