Ole og Helene

Ole Johannesson
Fødd 1743 i Straumen (Askvoll)
Død 1815 på Nes (Askvoll)
Far: Johannes Arnesson
Mor: Mari Larsdotter

Ole tidlegare gift med Pernille Olsdotter.

Helene Egidiusdotter
Fødd 1747 i Straumen (Askvoll)
Død 1812 på Nes (Askvoll)
Far: Egidius Johannesson
Mor: Borni Pedersdotter

Ole og Helene er 3xtipp-oldeforeldre langs to linjer, ettersom både Otto og Tordis ætta frå sonesonen deira. Figuren viser dette:

Både Ole og Helene kom frå Nedre Straumen. Ole bygsla jord på Nes i Askvoll frå 1763.

Kartet viser Nedre Straumen og Nes

Ole var først gift i 1764 med enkja Pernille Olsdotter frå Lunde i Gaular, som hadde vore gift på Kumle i Askvoll. Dei budde på Nes og var barnlause. Pernille døydde i 1774.

Ole og Helene gifta seg i 1775. Dei vart buande på Nes. Ved folketeljinga i 1801 budde dei der med barna Egidius, Herman og Borni, og fosterdottera Brite Olsdotter.

Frå folketeljinga i 1801, garden Nes: Ole og Helene med sønene Egidius og Herman og dottera Borni, og fosterdottera («et Opfost. Barn») Brite Olsdotter. Ole var «Bonde og Gaardbruger», og sonen Egidius står som innrullert matros («Enroull. Mat.»).

Sonen Egidius overtok bygselen i 1803. Helene døydde i 1812, Ole i 1815.

Frå skiftet etter Ole på Nes i 1815

Ness. 1815 den 17de April Registration paa Gaarden Ness i Askevolds Skibrede ved Lensmand David Christensen Øxenberg, og de 2de Vidne-Mænd Ole Olssen Furreset, og Lars Olssen Haavog, efter afg. Vilkaarsmand Ole Johannessen Arv. hans Børn: 1. Sønnen Idius Olssen fuldmyndig 2. Sønnen Johannes Olssen ligl. 3. Sønnen Hermann Olssen fuldm. 4. Datteren Pernille Olsdatter 40 Aar gl. Form. Idius Olssen Ness

Etterslekt etter Ola og Helene

1775: Pernille. Pernille vart gift i 1819 med enkjemannen Øystein Anfinnsson frå Yndestad i Askvoll. Dei budde truleg på Yndestad.

1780? Egidius (Idius). Egidius vart gift i 1803 med Marie Larsdotter England og budde på Nes. Han overtok jorda etter faren. Dei hadde mange barn. Ho døydde i 1821. Han gifta seg i 1822 med enke Ingeborg Larsdotter Våge, død 1832, og med Sesselja (Cecilie) Andersdotter Follevåg i 1834, død 1846. Egidius levde til 1858.

1781: Marie. Denne Marie må ha døydd som barn.

1782: Marie. Denne Marie må òg ha døydd som barn.

1786: Johannes. Johannes vart gift i 1806 med (Brite) Katrine Karstensdotter frå Svortevika i Flora. Dei busette seg på Ytre Reksta og fekk dottera Johanne i 1807.

1788: Herman. Herman er 2 x tipp-oldefar, sjå Tipptippoldeforeldre Herman og Ales.

1792: Borni. Borni døydde i 1792.