Herman og Ales
Herman Olsson
Fødd 1788 på Nes (Askvoll)
Død 1859 på Ytre Reksta
Far: Ole Johannesson
Mor: Helene Egidiusdotter
Ales Karstensdotter
Fødd 1792 i Sunnarvika
Død 1857 på Ytre Reksta
Far: Karsten Karstensson
Mor: Oline Monsdotter
Herman og Ales er 2xtipp-oldeforeldre langs to linjer fordi Otto og Tordis begge var ætta frå sonen deira. Dette er vist i figuren:
Herman var fødd i mai 1788 og voks opp på Nes i Askvoll, der foreldra Ole og Helene var gardfolk. Han hadde tre eldre søsken (Pernille, Egidius og Johannes).
Ales var fødd i januar 1792 i Sunnarvika i Eikefjorden og voks opp der. Foreldra Karsten og Oline dreiv gard der. Ales hadde fleire eldre søsken (to søstre som kan ha døydd tidleg, men Katrine, Mats, Ole Mikal og Øllegård voks opp).
Herman og Ales gifta seg den 5. august 1821, 33 og 29 år gamle. Forlovarar var Kornelius Olsson Veiesund og Johannes Olsson Rognaldsvåg.


Dei vart husmannsfolk i Veidesundet på Stavøya og fekk tre barn der. Omtrent 1830 flytta dei til Ytre Reksta (kan ha vore Rognaldsvågen); Ales var arving etter mostera Pernille i 1831, og då budde dei på Reksta. Ales døydde på Ytre Reksta 24. juni 1857, 65 år gammal. Herman døydde 16. oktober 1859, 71 år gammal. Dei tre barna overlevde dei, og dei er opphav til ei stor etterslekt.

Barn og etterslekt av Herman og Ales
1823-08-22: Karsten Olai. Karsten vart gift i 1851 med Anne Sofie Arentsdotter frå Sunnarvika, systera til Ole Mikal si kone Susanne. Han budde då på Reksta, og dei busette seg i Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei fire barn. Karsten var fiskar og hadde ikkje jord. Sofie døydde i 1877. Det ser ut til at Karsten levde til etter 1885, men var død før 1891. Barn: 1852: Arent (d. 1852). 1853: Ole Mikal Sakarias (d. 1858). 1855: Herman Andreas (g. 1884 i Tjøtta pgj. m. Jørgine Marie Henriksdotter Kilvær (dotter av Henrik Nikolai Olsson), bst. Kilvær, fiskar, truleg d. før 1900). 1858: Olemika Anne Marie (g. 1878 i Bergen m. smed Elias Johan Olsson (son av Ole Jørgensson Hersvik i Solund), bst. Bergen, Askøy, Årstad (Krohnsminde) 1900). 1861: Arent Olai (bst. Solheim i Kinn ved konf. i 1876; g. 1884 i Ytre Holmedal pgj. m. Jørgine (Gina) Augusta Hermansdotter (dotter av Herman Sørensson Steia), bst. Steia ved Dale, skomakar). Busette på «Toppen» ved Dale i 1910 og 1920. 1864: Anne Margrete Birgitte (bst. Sandvika i Kinn ved konf. i 1879; g. 1892 i Lødingen pgj. m. Hans Martin Arentsson Nes (son av Arent Matias Mattisson), bst. Nes; 1920 bst. Trondenes, der Hans var los). 1867: Karen Sofie (bst. Midbøen i Kinn ved konf. i 1882; fekk sonen Mats Ananias Kornelius m. Anders Matsson Midbø i 1893, var då tenestejente i Sunndalen i Kinn; g. 1900 i Lødingen m. enkjemann Olav Fredrik Aleksander Andersson Nes (son av Anders Hansson), bst. Erikstad på Nes i 1910; Karen var enkje i Harstad i 1920, vaskekone). 1871: Abraham Olai (ugift jernbanearbeidar på Oppset i Aurland i 1900, g. 1897 i Bergen m. Synnøve Grimsdtr. Telle frå Sund, i 1920 steinarbeidar bst. Møllendalsveien i Årstad).
1826-05-05: Ole Mikal. Ole Mikal er tippoldefar, sjå Tippoldeforeldre: Ole Mikal og Susanne.
1829-01-31: Helene Juditte. Helene vart gift i 1851 med Didrik Martinussen fødd i 1827 på Reksta med foreldre Martinus Jakobsson frå Gardvollen under Sunde på Askrova og Katrine Didriksdotter frå Flora (?). Dei busette seg i Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei seks barn. Didrik var fiskar og hadde ikkje jord. Både Helene og Didrik budde i Rognaldsvåg i 1910. Helene døydde der i 1912, Didrik i 1920. Barn: 1851: Maren Martea (g. 1871 i Lindås pgj. m. Jens Martinusson (son av Martinus Martinusson Toftegård i Austrheim), bst. Storehaugane i Rognaldsvåg). I 1910 Maren kalla Grete. Begge levde i 1920. 1853: Anne Katrine (g. 1879 i Askvoll m. retts-/kontorbod Peder Andreas Jensson Stavsnes (son av Jens Pedersson), bst. Bergen, d. 1915). 1856: Birte Sofie Jørgine (g. 1878 m. Olai Gjertsson (son av Gjert Antonsson Ytre Reksta), bst. Storehaugane i Rognaldsvåg, i 1910 på Reksta, enkje i Rognaldsvågen 1920). 1859: Herman Matias (g. 1885 m. Johanne Johansdotter (dotter av Johan Hansson Soløy i Ibestad), bst. Kinn). Dei budde i Åkrøya; i 1910 var Herman reserveassistent ved Ytterøyane fyr; begge levde i 1920. 1862: Nille Bolette (g. 1887 i Bergen (Johanneskirken) m. maskinist Matias Iversson (son av Iver Olsson Setervik i Hyllestad), bst. Bergen; begge levde i 1920, bst. Sparres gate). 1865: Karen Marie (d. 1866). 1867: Henrik Kornelius. Ser ikkje ut til å ha stifta familie. Skomakarsvein i Bergen 1900. Skomakar på Tveiterås i Fana i 1910. Pensjonert handverkslærar på Paradis i 1920. 1871: Olemika Marie. Stifta visst ikkje familie. Truleg ho som er ugift tenestejente på Nyhaugen i Fana 1900, likeins i 1910. Styrte huset for broren Henrik i 1920.
