Ole Mikal og Susanne

Ole Mikal Hermansson
Fødd i 1826 i Veidesundet på Stavøya
Død i 1914 på Ytre Reksta
Far: Herman Olsson
Mor: Ales Karstensdotter

Susanne Bolette Arentsdotter
Fødd i 1836 i Sunnarvika i Eikefjorden
Død i 1901 på Ytre Reksta
Far: Arent Sørensson
Mor: Anne Marie Andersdotter

Ole Mikal og Susanne er tippoldeforeldre langs to linjer, fordi både Otto og Tordis ætta frå dei i tredje ledd. Dette er vist i figuren:

Ole Mikal var fødd i Veidesundet på Stavøya 5. mai 1826 og vart døypt 15. mai. Fadrane var Johannes O. Rognaldsvåg, Søren E. Andalsvåg, Kornelius O. Veiesund, Elen M. Andal og Johanne J. Rognaldsvåg.

Ole Mikal budde nokre år i Veidesundet, men familien flytta til Reksta (kanskje Rognaldsvågen) omtrent 1830. Foreldra Herman og Ales var husmannsfolk. Ole Mikal hadde ein eldre bror og ei yngre søster (Karsten og Helene).

Ole Mikal var fødd i Veidesundet på Stavøya.
Susanne var fødd i Sunnarvika ved Eikefjorden.

Susanne var fødd i Sunnarvika ved Eikefjorden 22. april 1836 og vart døypt alleriee 24. april. Fadrane var Ole B. Hovland, Gjert O. Vasset, Hille M.E. s.st., Anne J. Storevik, Birte A. s.st. (Ved dåpen er namnet skrive «Susanne Bolette», men både ved ekteskapet og gravlegginga har det vorte «Susanne Juditte».)

Susanne voks opp hos foreldra Arent og Anne Marie i Sunnarvika. Dei var gardfolk. Ho hadde fire eldre søsken (Abraham, Sofie, Ole Mikal og Salomon) og to yngre søstrer (Katrine og Lydia).

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Susanne blei døypt i 1836. Faren var «Gm.», gardmann, og dei budde i «Sundhordvig», ein vanleg måte å skrive namnet Sunnarvika på.

Søskena til Ole Mikal
Karsten, gift med Sofie Arentsdtr. frå Sunnarvika (søster av Susanne), budde i Rognaldsvågen på Reksta.
Helene, gift med Didrik Martinusson frå Reksta, budde i Rognaldsvågen på Reksta.

Søskena til Susanne
Abraham, gift med Hille Olsdtr. frå Lykkjebøen, budde i Sunnarvika i Eikefjorden.
Sofie, gift med Karsten Hermansson frå Veidesundet/Reksta (bror av Ole Mikal), budde i Rognaldsvågen på Reksta.
Ole Mikal, gift med Anne Matsdtr. frå Hovland, budde på Hovland i Eikefjorden.
Salomon, ugift, budde i Sunnarvika i Eikefjorden.
Katrine, gift (1) med Abraham Matsson frå Sunnarvika, budde i Sunnarvika, (2) med Ole Mikal Danielsson frå Batalden, budde på Fugløya i Batalden.
Lydia, gift med Martin Henriksson frå Reksta, budde på Indre Reksta.

Ole Mikal bygsla jord på Ytre Reksta frå 1857.

Ole Mikal og Susanne gifta seg 30. september 1858, 32 og 22 år gamle. Forlovarar var Ludvig Nilsson Skorpa og Didrik Mortensson Rognaldsvåg (mannen til Ole Mikal si syster Helene).

Paret fekk seks barn. Ved folketeljinga i 1865 budde dei på Ytre Reksta med dei tre eldste barna. Dei hadde hest, 12 storfe, 18 sauer og ein gris. Dei hadde sådd to tønner havre og sett to tønner poteter. Ved folketeljinga i 1875 hadde dei fått alle seks barna. Dei hadde to kyr, fem ungnaut, 19 sauer og to griser. Dei hadde sådd tre tønner havre og sett 1/4 tønne poteter.

Ole Mikal og Susanne dreiv gard på Ytre Reksta.

I april 1889 kjøpte Ole Mikal størstedelen av det bruket han hadde bygsla, og selde det vidare til sønene Arent og Herman i juni same året. Året etter skreiv dei to sønene kårbrev til foreldra.

Frå panteregisteret for distriktet under Brandsøy, på sida for eit bruk under garden Ytre Reksta: Ole Mikal og Susanne sine søner Arent og Herman får auksjonsskøyte på bruket for 1210 kroner, og sønene gir kårbrev til foreldra.

Ved folketeljinga i 1891 budde Ole Mikal og Susanne på Ytre Reksta med dei fire yngste barna, alle vaksne. No var fisket hovudlevebrødet deira.

Ved folketeljinga i 1900 budde Ole Mikal og Susanne på kår på Ytre Reksta. Susanne døydde 2. desember 1901 av bronkitt, 65 år gammal. Ved folketeljinga i 1910 budde Ole Mikal hos sonen Arent på Ytre Reksta. Ole Mikal døydde 2. april 1914, nesten 88 år gammal.

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Ole Mikal døydde som kårmann og enkemann i 1914.

Barn og etterslekt av Ole Mikal og Susanne

1858-12-25: Anne Marie. Marie er oldemor, sjå Oldeforeldre: Tomas og Marie.

1861-08-17: Hanna Marie. Hanna er oldemor, sjå Oldeforeldre: Hanna og Kristoffer.

1864-02-27: Arent Ananias Hartvig. Arent gifta seg i 1894 med Trone Marie Sakariasdotter Standal. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med ein son og ei dotter. Dei hadde gard. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta og hadde seks barn (sjå nedanfor). Hos dei budde far hans, Ole Mikal. Dei budde i same huset som broren Herman og familien. Barn og barnebarn: Olav Severin (f. 1896 ‒ gift med Tea Fester, foreldre til Egil busett i Florø; fosterforeldre til vår tante Torbjørg; Olav d. 1977), Sina Amanda (f. 1899 ‒ gift med Mats Henrik Nikolaisson Standal; barn: Nicolay, Asbjørn, Arne, Trygve; Sina d. 1980), Alfred Matias (f. 1902 ‒ g. 1931 m. Jenny Sofie Jakobsdtr. frå Reksta), Bernhard Johan (f. 1904 ‒ ser ut til å ha emigrert til USA), Susanne Juditte (f. 1907 ‒ gift i Årstad med Gustav Antonius Olsen frå Oslo, barn: Gunnvor og Rolf; Susanne d. Bergen 1996), Ansgar Olai (f. 1910 ‒ gift 1943 i Bergen med Emilie Johanne Solheim frå Bergen, då tobakkshandlar; barn: Jan Adler og Anne Karin; Ansgar d. i Bergen 2002), Borghild (f. 1913; g. med Olav Tysse frå Fjaler, bst. Fjaler, hadde seks barn (ifølgje MyHeritage); Borghild d. 1997). Arent døydde av kreft i 1927, 63 år gammal. Trone døydde i 1939.

Anane til Marie: 1. Trone Marie Sakariasdotter f. Standalen 1872; foreldre: 2: Sakarias Knutsson f. Erikstad i Jølster 1837, 3. Johanne Birte Hansdotter f. Farsund i Førde 1837; besteforeldre: 4. Knut Sakariasson f. Jølster? ca. 1801, 5. Anne Nikolaia Samuelsdotter f. Årdal i Jølster 1795, 6. Hans Hansson Farsund? f. ca. 1806, 7. Danele Rakel Toresdotter f. Tåhaugen i Jølster 1794; oldeforeldre: 8. Sakarias Johannesson, 9. Malene Jonsdotter, 10. Samuel Olsson, 11. Magnilde Sørensdotter, 12.–13. ?, 14. Tore Nilsson, 15. Søgnilde Krispinusdotter.

1866-04-13: Herman Abraham Olai. Herman gifta seg i 1896 med Elen Marie Kaspersdotter Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med to døtrer. Dei hadde gard. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta. Dei hadde då fem barn. Dei budde i same huset som broren Arent. Barn og barnebarn: Sanna Marie (f. 1896 ‒ g.m. Bendik Bendiksson frå Rognaldsvågen, emigrerte til USA, North Dakota), Olga Kristine (f. 1899 ‒ g.m. Johan Birkeland i Bergen, son: Herman; Olga d. i Bergen 1987), Harriet Elida (f. 1901 ‒ gift med Matias Didrik Henriksson (Madsen) frå Skorpa; barn: Harald, Håkon, Mindor, Erna, Dagmund, Herborg; Harriet d. i Florø 1989), Karl Olai (f. 1904; kalla seg Rindheim, g.m. Asseline Eltervåg frå Stavanger; barn: Ingvar, Edith (Rognsøy), Kåre, Turid, Herdis (Rognsø), Astrid, Eli; Karl d. på Reksta 1957), Margit (f. 1907, g.m. Bernhard Olaisson Tuften frå Rognaldsvågen, bst. Florvågøya i Askøy, barn: Hans, Berit, Else, Bjarne, Magna; Margit d. 1971). Herman døydde i 1954, ca. 88 år gammal.

Anane til Elen: 1. Elen Marie Kasparsdotter f. Rognaldsvågen 1867; foreldre: 2. Kaspar Matsson f. Holevika i Askvoll 1836, 3. Marte Sofie Aleksandersdotter f. Espeset 1834; besteforeldre: 4. Mats Kaspar Desideriusson f. Espeset 1806, 5. Pernille Kolbeinsdotter f. Vårdal i Askvoll 1806, 6. Aleksander Karstensson f. Espeset ca. 1788, 7. Elen Matea Korneliusdotter f. Skorpa 1799; oldeforeldre: 8. Desiderius Nilsson, 9. Johanne Jonsdotter, 10. Kolbein Atlesson, 11. Inger Sørensdotter, 12. Karsten Larsson, 13. Marte Absalonsdotter, 14. Kornelius Larsson, 15. Abigael Krispinusdotter.

1869-05-02: Anne Margrete: Margrete (Grete) gifta seg i 1891 med Lyder Andreas Desideriusson Sunde. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Rognaldsvåg med to søner og to døtrer. Lyder dreiv landhandel. I 1910 budde dei i Rognaldsvåg og dreiv landhandel saman med bror hans, Bertinus Sunde. Dei hadde då åtte barn. Barn og barnebarn: Serine Kamilla (f. 1891 ‒ g.m. Johannes Martin Lien i Bergen; barn: Gerd, John, Lilly, Ruth; Camilla d. 1977 i Bergen), Ditlef Olai (f. 1893 ‒ g.m. Agnes Didriksdotter frå Rognaldsvågen, bst. der, barn: Liv, Aud, Ove, Arne, Marion; Ditlef d. 1983), Einar Ananias (f. 1896, d. 1945 utan barn), Klara Lorentse (f. 1898 ‒ g.m. Robert Magnessen frå Rognaldsvågen, bst. der, barn: Rigmor (Æsøy), Reidar, Ledvin, Astrid (Toft); Klara d. 1988), Astrid Lovise (f. 1901, ugift, d. i Flora 1992), Anne Bertine (f. 1903, d. før 1945), Olav (f. 1905 ‒ emigrerte til USA, Minnesota), Helene (f. 1907 ‒ g.m. Sigvald Rognsø frå Rognaldsvågen, bst. der, barn: Tordis, Sigmund, Aud (Rindheim); Helene d. 1988), Laura Amanda (f. 1912 ‒ ugift, d. 1986 i Eidskog i Hedmark). Lyder døydde i 1934. Margrete døydde i 1941, ca. 72 år gammal.

Anane til Lyder: 1. Lyder Andreas Desideriusson f. Sunde 1859; foreldre: 2. Desiderius Einarsson f. Sunde 1823, 3. Karen Juditte Ingvaldsdotter f. Skorpa 1826; besteforeldre: 4. Einar Desideriusson f. Indre Reksta ca. 1785, 5. Else (el. Elisabet) Jakobsdotter f. Gardvollen under Sunde 1794, 6. Ingvald Ingebriktsson f. Tirdalen 1789, 7. Borni Abrahamsdotter f. Tirdalen 1798; oldeforeldre: 8. Desiderius Absalonsson, 9. Anne Jensdotter, 10. Jakob Gjertsson, 11. Birte Sørensdotter, 12. Ingebrikt Endresson, 13. Eli Olsdotter, 14. Abraham Olsson, 15. Anne Ananiasdotter.

1871-10-30: Lyder Matias. Lyder gifta seg i 1895 med Alette Marie Stefanusdotter Skorpeide. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med ein son og to døtrer. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta. Dei hadde då sju barn. Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Sigvart Olai (f. 1895 ‒ g.m. Petra Kjølsdal frå Kjølsdalen i Nordfjord, bst. Ytre Reksta, barn: Svein, Anne-Lise og Solbjørg; Sigvart døydde i 1979), Sanna Serine (f. 1898 ‒ g.m. Malvin Løtvedt i Bergen, barn: Erling, Lilly, Solveig; Sanna d. i Bergen 1981), Synnøve Alberta (f. 1900 ‒ emigrerte til Canada, Ontario, Niagara Falls, g.m. Richmond John Jorgenson (Rikmon Johan Jørgensson) frå Lenvik i Troms), Laura Alida (f. 1902 ‒ g. i Oslo med Odd Johan Lambertsen, barn: John og fleire; Laura «Lalla» d. 1995), Oskar Elias (f. 1904 ‒ emigrerte til USA, Virginia, g.m. Helen Dolores Gordon i 1937)), Betsy (f. 1906 ‒ ?), Aslaug Alvhild (f. 1908; skal ha vore gift med Matias Eikevik og busett i Eikefjorden), Alvhild (f. 1911 ‒ g.m. Otto Vedeld frå Rovde på Sunnmøre, bst. Florø, barn: Odd, Frode; Alfhild d. 1981), Magnus (f. 1913 ‒ g.m. Ingrid Evelyn Arnesen i Oslo, visstnok to barn; Magnus d. i Oslo 1984). Alette døydde i 1929. Lyder døydde i 1960, ca. 89 år gammal.

Anane til Alette: 1. Alette Marie Stefanusdotter f. Skorpeidet 1875; foreldre: 2. Stefanus Nikolaus Matsson f. Kvammen i Askvoll 1844, 3. Synneve Berentsdotter f. Skorpeidet 1846; besteforeldre: 4. Mats Olsson f. Naustdal i Naustdal 1805, 5. Anne Malene Matsdotter f. Nedre Redalen i Naustdal 1817, 6. Berent Stefansson f. Indre Reksta 1813, 7. Marianne Korneliusdotter f. Skorpa 1814; oldeforeldre: 8. Ole Nilsson, 9. Lussi Haldorsdotter, 10. Mats Berent Kristiansson, 11. Anne Margrete Matsdotter, 12. Stefan Olsson, 13. Birte Sakariasdotter, 14. Kornelius Larsson, 15. Abigael Krispinusdotter.