2xtipp-oldeforeldre: Pernille og Tomas

Tomas Bjørnsson, f. Indre Reksta mars 1809, d. 21.02.1845. Foreldre: Bjørn Tomasson og Andrea Olsdotter.

Rakel Pernille Matiasdotter, f. Espeset på Askrova september 1802, d. 27.11.1864. Foreldre: Matias Olsson og Barbra Sørensdotter.

Pernille seinare gift med Johannes Åmundsson.

Lista viser nedstamming frå Tomas og Pernille:

Tomas var fødd og voks opp på Indre Reksta, der foreldra Bjørn og Andrea var gardfolk. Mora og to søstrer døydde det året Tomas var åtte. Faren gifta seg igjen nokre år seinare. Av søsken som nådd vaksen alder, hadde Tomas ei eldre søster (Henrikke) og ei yngre (Oline). Han fekk òg tre yngre halvsøsken (Andrea, Anders og Sara Oline).

Pernille var fødd på Espeset og voks opp hos foreldra Matias og Barbra. Ho var det einaste felles barnet til foreldra. Mora hadde fødd seks jenter i de første ekteskapet sitt, men det ser ut til at alle var døde eller sette vekk då Pernille voks opp.

Tomas og Pernille gifta seg den 18. desember 1837, 28 og 35 år gamle. Dei busette seg på Kinn, truleg i Kinnasundet. Dei fekk fire barn, men berre ei dotter og ein son voks opp.

Tomas drukna ved kollsigling i 1845 og vart aldri funnen. Han blei knapt 36 år gammal.

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Tomas forsvann på sjøen i 1845. Gravferdsdatoen manglar, og det fortel oss at liket ikkje blei funne. «Kuldseilede med en Baad og druknede.»

Pernille gifta seg igjen den 10. august 1851 med Johannes Åmundsson. Dei var 61 og 48 år gamle. Johannes var enkjemann og opphavleg frå Bergen.

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då enka Pernille gifta seg med enkemannen Johannes i 1851.  Det første namnet hennar er skrive feil, «Ragnild» for Rakel. Fedrane er «Skolapper Amund Johannessen i Bergen» og «Gaardmand Mathias Espesæter» – gardmann er feil, Matias var husmann. Forlovarar: «Landhandler Hans Dahl i Furresund og Jens Helmers Florøe».

Johannes var fødd i 1790 og son av skolappar Åmund Johannesson og Gjertrud Kristiansdotter. Han gifta seg i 1817 med Agotte (Agate) Pernille Olsdotter frå Bergen. Dei budde i Bergen og hadde mange barn. Johannes var bøkkararbeidar. Agotte døydde i 1837.

Ved ekteskapet med Pernille budde Johannes på Kinn. Dei fekk ikkje barn saman. Han døydde 18. mars 1856, 65 år gammal.

Pernille døydde på Kinn i 1864, 62 år gammal.

Barn og etterslekt etter Tomas og Pernille

1839-08-08: Anne Bolette. Bolette er tippoldemor, sjå Tippoldeforeldre: Henrik og Bolette.

1842: Jørgen Matias. Jørgen er berre registrert under gravlagde då han døydde i 1842; foreldra er ikkje nemnde.

1843-06-17: Birgitte Marie. Birgitte døydde i 1843.

1844-08-09: Berent Kornelius. Berent vart gift i 1870 med Anne Sofie Gunnarsdotter frå Seljeset i Flora. Ved folketeljinga i 1875 budde dei på Kinn med to barn: Gina Susanne (1872) og Jørgen Olai (1875). Dei hadde fem sauer, men levde elles av fiske. I 1878 fekk dei dottera Tomasine Bertine Jørgine. Berent drukna i 1888 saman med sonen Jørgen. I 1900 var Anne Sofie enkje og budde på Tonheim i Flora; ho levde m.a. av veving. Ho døydde i Furesundet i Flora i 1902. Dottera Gina fekk familie i Haugesund.