Berging av skipsvrak ved Kinn

Om nokon berga skipsvrak eller vrakdelar, skulle dei motta ein tredjedel av verdien i bergingsløn. Slik var regelen etter Christian 5.s Norske Lov av 1687, og denne lova gjaldt enno i 1764 då eit skipsvrak dreiv inn mot Sandøyane nordom Kinn.

Denne hendinga har vi opplysning om frå ei «Examinations og Besigtelses Forretning» ved gjestgivarstaden i Kinnasundet måndag den 20. februar 1764, referert i tingboka for Lenets gods i Sunnfjord 1760-69, folio 128b-130b.

Forretninga var rekvirert av futen, Hans Thiis Nagel, men det var sonen, adjungert fut Jens Worm Nagel, som var til stades i Kinnasundet saman med åtte eidsvorne lagrettemenn, alle frå Vevring sokn: Mats Ivarsson Apalset, Mons Olsson Årset, Peder Trulsson Horne, Anders Andersson Kleiva, Jonas Nilsson Kvellestad, Sjur Kristensson Apnaset, Lars Olsson Åla og Ola Olsson Åla. Grunnen til at ingen av lagrettemennene var lokale, var nok at dei skulle vere habile overfor bergingsmennene, som stort sett var frå staden.

Hans Thiis Nagel (ca. 1700-1769) var presteson frå Herøy på Sunnmøre. Han var rik og eigde ei stor mengde gardar i Fjordane. Han blei fut i Nordfjord og Sunnfjord i 1731 og busette seg noko seinare på Svanøya. Kona var Kristine Margrete Worm, dotter av styraren ved koparverket i Årdal. Hans fekk sonen Jens Worm Nagel (1739-1788) utnemnd til adjungert fut som 19-åring i 1758. Jens og kona Kristiane Margrete Heiberg (prestedotter frå Gloppen) var barnlause, så då Jens døydde, var slekta Nagel si tid som futar i Fjordane over.

Nagel la fram ein rapport frå futen sin fullmektig, som hadde vore på synfaring av skipsvraket saman med mennene sine. Framlagt blei òg ei liste frå konstituert lensmann Abraham Vevring over alle mennene som hadde vore med og berga skipet inn til Kinn. Vidare var det eit skriv frå soknepresten Henrik Lexau med innlagd liste frå klokkaren Tomas Klingenberg over menn som seinare hadde hjelpt til med å flytte skipet til ein tryggare stad, og eit anna skriv frå klokkaren. Desse dokumenta blei lesne opp for retten og er ikkje gjengitt i tingboka.

Abraham Andersson Vevring (1742-1781) var fødd på Vevring, men budde i Steinhovden. Han var lensmann i Brandsøy skipreide. Då han døydde, etterlét han seg enkja Anne Margrete Pedersdotter, to søner og tre døtrer.

Henrik Petersson Lexau (1736-1781) var frå Bergen og son av ein handelsmann. Han kom til Kinn som sokneprest i 1763 etter knapt to år som kapellan i Leikanger. Lexau var gift og hadde fleire barn, blant andre ein son som òg heitte Henrik Lexau (1764-1845) og blei handelsmann i Smørhamn i Bremanger.

Tomas Bjørnsson Klingenberg (ca. 1725-1805) budde på Indre Reksta og hadde vore klokkar i Kinn sidan 1760. Han overtok då etter broren Jens som omkom på sjøen. Før Tomas og Jens hadde faren Bjørn Jensson og farfaren Jens Kristensson vore klokkar. Tomas blei den siste i rekkja av Klingenberg-klokkarar. Du kan lese meir om Klingenberg-slekta her. Kona til Tomas var Pernille Olsdotter (1738-1798). Ho kom frå Naustdal og var søster av Henrik Naustdal, gjestgivaren i Kinnasundet.

***

Så var det vitneforklaringar. Dei første var Bendik Olsson Kinn og Søren Rasmusson Kinn.

Bendik Olsson Kinn var den eine av to som brukte kyrkjejord på Kinn. Begge bruka hadde hus ved kyrkja. Bendik kan ha vore fødd på Skorpa i 1715. Han var gift to gonger, først med Kari Rasmusdotter i 1745. Ho døydde i 1747. Så var han gift med Helge Kolbeinsdotter. Han døydde i 1790 og etterlét seg enkja Helge og sju vaksne barn.

Søren Rasmusson Kinn (ca. 1709-1788) var den andre som brukte kyrkjejord. Han var frå Svinevik i Førdefjorden og kom til Kinn ein gong rundt 1750. Han var gift to gonger. Den første kona var Mari Mortensdotter. Ho døydde i 1755, og Søren gifta seg igjen med Malene Olsdotter i 1756. Ho var enkje og hadde budd i Einehaugane ved Dale i det første ekteskapet. Ho døydde i 1783. Det var barn i begge ekteskapa til Søren, blant andre Barbra Sørensdotter.

Bendik forklarte seg om det som hadde hendt om søndagen tre veker tidlegare. Det var den 29. januar, og det skulle vere preike i kyrkja. Den dagen kom Ålet Andersdotter, som var tenestejente hos Søren, til dei tidleg om morgonen og fortalde at ho hadde sett eit skip som dreiv nord for Kinnalandet.

«Den første ved navn Bendix Olsen Kinden fremstillede sig da for Retten, og aflagde følgende Forklaring at i gaaer 3de Uger siden, som var 4de Søndag efter Hellig Tre Konger, da der skulde være Prædikken hos dem i Kinden kom Søren Kindens Tieneste Pige Aalet Andersdatter om Morgenen tiilig indtil Dem, og loed dem viide, at hun havde seet et Skib nord ud uden for Landet …»

Bendik, Søren og Lars Skorpa tok med seg mennene sine og drog ut til skipet; dei var seks mann. Skipet låg i sjøen om lag ei halv mil frå Kinn, nær «en liiden Øe eller Holme kaldet Sandøen». Det er tale om Sandøyane ved Nærøya nord for Kinn.

Då dei kom fram til skipet, gjekk Bendik og Søren om bord, men skipet var eit vrak: «gandske øede for Folk og levende Creature, og aldeeles spoleret». Dei ville sjå om dei kunne få ut eit anker, men tauverket låg så trongt nede i skipet at dei ikkje klarte å hale det ut.

Her ser vi Sandøyane mellom holmar og skjer nord om Nærøya. Kinnasundet er på austsida av Kinn, der det no er ein molo.

Dei sende drengene inn i Kinnasundet til gjestgivaren der, Henrik Naustdal, så han kunne sende ut meir folk.

Henrik Olsson Naustdal var fødd i Naustdal i 1732 og var svoger av klokkaren Tomas Klingenberg. Han var gjestgivar i Kinnasundet frå ca. 1762, etter Frantz Kleinow. Henrik døydde i 1798 og etterlét enkja Gjertrud Monsdotter. Sonen Ole Mikal Henriksson overtok som gjestgivar i Kinnasundet.

No skaut skipet seg inn mot Sandøyane og eit lite skjer, så Bendik og Søren klauv ned i båten att. Henrik Naustdal og Aleksander Fester frå Reksta kom no utover med folka sine, fem mann i alt. Mennene steig opp att på skipet og prøvde å få opp ei line, men kom ingen veg med det.

Aleksander Didriksson Fester budde i Rognaldsvågen. Fester-namnet kjem truleg frå Lübeck i Tyskland. Aleksander var truleg fødd i Furesundet, der faren Didrik var gjestgivar, men Didrik hadde òg gjestgivarstad i Rognaldsvågen ei kort tid sist på 1720-talet. Aleksander var los og forpakta fisketidenda i skipreida. Han var gift med Anne Pedersdotter Ebeltoft. Han døydde i 1774 og etterlét seg dottera Modester.

No kom det endå meir folk til: Elias Vallestad, Sjur Espeset og Mattis Espeset med sine folk, Jan Henrik Batalden, lensmannen og drengene til Mons Naustdal. Då klarte dei å få kasta ut eit anker og kunne hale skipet vekk frå skjeret.

Elias Hansson var gardbrukar på Vallestad på Askrova frå 1740-talet. Han var gift to gonger, med Pernille Samuelsdotter Svardal og Anne Eriksdotter Hatleset, og hadde fleire barn. Elias døydde i 1773. Nokon Sjur Espeset har eg ikkje funne i andre kjelder frå denne tida. Mattis Andersson var gardbrukar på Espeset på Askrova. Kona heitte Gjø Gregoriusdotter og var frå Valvika. I 1801 var Mattis enkjemann og medhjelpar til presten.

Endå meir folk kom utover, og alle båtane gav seg no til å buksere skipet inn til hamna i Kinnasundet, der dei fortøydde det ved bryggja.

Men om natta rauk akterlina, og skipet støytte i bryggja. Det skjedde ikkje nokon skade, og dei fekk fortøydd det igjen.

No hadde ikkje Bendik Kinn meir å berette, bortsett frå at dei frakta noko laust tauverk opp i sjøbua til Henrik i Kinnasundet, og nokre rotne segldukar som dei dekte tauet med.

Så var det Søren Kinn som skulle forklare seg, men han kunne ikkje gjere anna enn å stadfeste forklaringa til Bendik fullt ut.

Kinnaklova sett over Mathola på Nærøya

***

Den neste til å vitne var Markus Andersson Naustdal, som var tenar hos lensmannen i Førde skipreide, Mons Rasmusson Naustdal. Han fortalde at han sjølv, medtenaren Bertel Ananiasson Naustdal og drengen til Mons Olsson Naustdal, Rasmus Johannesson Naustdal, kom ut på båten med Jan Henrik Batalden. Då låg skipet på eit skjer ved Sandøyane, og dei som var der, hadde ikkje funne noko anker og fekk ikkje laus tauet i skipet. Men då fekk Markus auge på kloa av eit anker. Dei fekk det fram og kunne flòte skipet av skjeret. Så blei skipet buksert inn til hamna, slik det var fortalt av Bendik.

Markus Andersson var kanskje frå Gjøringebøen og gardbrukar på Apalset frå 1769. Bertel Ananiasson var kanskje frå Kringla. Rasmus Johannesson finn eg ikkje noko om.

Bertel Naustdal forklarte seg i samsvar med Markus. Det einaste han la til, var at dei som først kom til skipet, hadde snakka om at dei måtte la skipet bli liggande der ute.

Så vitna Rasmus Naustdal, men han hadde ikkje noko nytt å legge til.

***

Den siste som vitna, var Jan Henrik Batalden. Han stadfesta det som allereie var forklart. Han la til at alle som var med og berga skipet og fekk det inn til landet, var einige om at alle hadde ytt like god innsats.

Jan Henrik Antoniusson Helmer(s) (av og til kalla Johan Henrik) eigde og brukte halvdelen av garden Store Batalden. Kona heitte Anne Olsdotter. Jan Henrik var son av gjestgivaren Antonius Helmer i Hellevika, som kom frå Delmenhorst i det danskstyrte grevskapet Oldenburg i det noverande Tyskland. Jan Henrik døydde i 1770 og etterlét seg enkja og to søner.

Den adjungerte futen Nagel fann det ikkje nødvendig å forhøyre fleire, men kravde at vitna måtte avlegge eid på forklaringane sine, «og efter at de af Retten paa det eftertrykkeligste vare formanede til at vogte sig for en falsk Eed, bekræftede enhver af dem sin giorde Deposition med oprakte Fingre ved sin Saligheds Eed».

***

No gav retten seg om bord på skipsvraket. Det var no drege så langt opp i fjæra at det låg på grunn og ikkje kunne lettast av floda; det var halt eit steinkast vekk frå bryggja. Det var fortøydd med eit stort ankertau forut og akterut.

Det var svært lite att oppe på skipet, utanom noko tau og to anker. I bua til gjestgivaren var der forvart noko gammalt tau, to donkrafter (jekkliknande reiskap), fire blokker (heisereiskap) og noko jernskrap. Men klokkaren Klingenberg opplyste at det òg var ei jernkabyss (ein bysseomn) i forvaring hos presten Lexau. I lasta var det ein del bord lengst nede. Sidan skroget var delvis knust, var det ikkje råd å forsegle lasta til sikring, så det trongst ei vakt.

***

Futen Nagel spurde no lagretten og allmugen som var til stades, om ikkje lasta ville ta skade av å bli liggande i skipet, og om dei meinte at det var mogleg å reparere skipet så det kunne brukast igjen. Dei svarte at sidan bordlasta no låg slik at sjøen kom til, så ville ho bli øydelagd om ho blei liggande. Nokon reparasjon trudde dei ikkje var mogleg.

Futen spurde vidare om det hadde vore nødvendig med så mange folk til å flytte skipet frå bryggja dit det no låg, og om skipet låg heilt sikkert no. Retten meinte at det nok trongst mange til å flytte skipet, men neppe så mange som alle dei som var med ifølgje lista frå klokkaren Klingenberg. Dei meinte skipet låg trygt no, om det ikkje skulle komme eit overlag sterkt uvêr frå nordvest; då kunne nok dragsuget knuse det meir.

Nagel spurde så om det var nokon i allmugen som var villig til å utstyre skipet med vakt og stå ansvarleg for det. Det var det ikkje, men Hans Pedersson Hansen, gjestgivar i Sauesundet, sa han kunne ta det på seg mot rimeleg betaling. Det var Nagel fornøgd med.

Saka slutta med at Nagel kravde umiddelbar skriftleg rapport om forretninga, og det fekk han.

***

Ein kan undrast over alt folket som må ha vore ved Kinn den aktuelle søndagen. I tillegg til folk frå Kinn er det nemnt menn frå Reksta, Askrova og Batalden. Det kan forklarast med at det skulle vere preike i Kinnakyrkja den dagen, for alle desse øyane sokna til Kinn. Men der var òg med fleire frå Naustdal, som var ei anna sokn og eit anna prestegjeld. Truleg er forklaringa at dei var ute ved Kinn på vårsildfiske, som vanlegvis pågjekk i januar og februar.

Klokkaren Tomas Bjørnsson Klingenberg på Indre Reksta er 3xtipp-oldefaren min på farssida og 4xtipp-oldefaren min på morssida. Kona hans heitte Pernille Olsdotter og kom frå Naustdal. Ho var søster til Henrik Olsson, gjestgivaren i Kinnasundet. Søren Rasmusson Kinn er den første av anane mine som busette seg på Kinn. Han er 4xtipp-oldefaren min.