3xtipp-oldeforeldre og 4xtipp-oldeforeldre: Tomas og Pernille

Tomas Bjørnsson Klingenberg, f. ca. 1725 på Indre Reksta, d. 1805. Foreldre: Bjørn Jensson og Maren Sørensdotter.

Pernille Olsdotter, f. 1738 i Naustdal, d. 1798. Foreldre: Ole Monsson og Brite Matsdotter.

Listene viser nedstamming frå Tomas og Pernille langs to linjer:

Tomas var fødd og voks opp på Indre Reksta. I 1760 vart han klokkar etter broren Jens, som døydde.

Pernille var frå Naustdal.

Tomas og Pernille forlova seg den 10. januar 1764 og vart vigde dagen etter!

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Tomas og Pernille forlova og gifta seg i 1764: «d. 10de Januarii Troelovet Klokkeren Thomas Biørnson Klingenberg med Pigen Pernille Olsd. Spons. (forlovarar) Johan Henric Batallen   Henric Olsen Kindesund» og «copuleret Thomas Biørnsen Klingenberg med Pernille Olsd. ibid.» («ibid(em) betyr «same stad».)

Dei var husmannsfolk på Indre Reksta, og Tomas var klokkar. Pernille døydde i 1798, og då står det at ho var 59 år). Ved folketeljinga i 1801 budde Tomas på Indre Reksta saman med systera Bente Bjørnsdotter. Han døydde i 1805.

Frå folketeljinga i 1801, under garden Indre Reksta: «Thomas Klingenberg, Huusbond, 77, Enkemand 1 gang, Klokker og Sogne Degn», «Bente Klingenberg, hans Søster, 70» og tenestefolka Rasmus Jonsson og Rakels Olsdotter, begge 18.

Etterslekt etter Tomas og Pernille

1764: Mats Henrik. Mats vart gift i 1794 med Brite Bendiksdotter frå Kinn. Ved folketeljinga i 1801 var dei plassefolk på Indre Reksta. Barn: Massi (1795, kanskje gm Mads Karstensson Sunde), Absalon (1797, gm Kari Didriksdotter Indre Reksta, bst s.st.), Karsten el. helst Kasper (1800, gm Oline Olsdotter Vallestad, bst Klokkarneset på Indre Reksta), Helga (1805).

1766: Birte Katrine. Birte vart gift med Kolbein Bendiksson frå Kinn, bror til kona til Mads. Dei budde på Solheim (Brandsøya) då dei fekk dei to første barna, men flytta så til Kinn. Barn: Massi (1794), Benjamin (1795, gm Marie Olsdotter Reksta, bst Rognaldsvågen på Reksta), Pernille (1800), Jens (1804). I 1801 budde dei på Kinn med sonen Benjamin. Dei var husmannsfolk utan jord, og Kolbein var skulehaldar. Der budde òg Helga Kolbeinsdotter, mor hans.

1769: Bjørn. Bjørn er 2xtipp- og 3x-tippoldefar, sjå Tipptippoldeforeldre: Bjørn og Malene.

1774: Maren Susanne. Maren gifta seg i 1795 med Karsten Matiasson frå Sunde. Dei var gardbrukarar på Øvre Sunde. Barn: Marte Massi (1795), Marte Massi (1798, truleg gm Karsten Abelsson Vallestad), Henrik (1801, gm Anne Jakobsdotter, bst Sunde), Pernille Massi (1803), Mats Henrik (1804, kanskje gm Massi Madsdotter Indre Reksta), Emmanuel (1808, gm Lydia Desideriusdotter, bst Sunde). Ved folketeljinga i 1801 hadde dei barna Marte og Henrik. (Maren er kalla Marie.) Dei hadde dreng og to tauser.