Inger og Elias

Elias Karstensson
Fødd ca. 1794 i Vågane
Død 1873 på Øvre Flora
Far: Karsten Jonsson
Mor: Gjertrud Gjertsdotter

Elias seinare gift med Malene Andersdotter og Elen Oline Andersdotter.

Inger Toraldsdotter
Fødd i 1789 på Kvalstad
Død i 1841 på Øvre Flora
Far: Torald Hansson
Mor: Ales Eriksdotter

Elias og Inger er 2xtipp-oldeforeldre:

Inger var fødd i oktober 1789 på Kvalstad på Svanøya og voks opp der. Foreldra Torald og Inger var gardfolk der. Ho hadde ein eldre halvbror frå faren sitt første ekteskap (Hans), ei eldre fullsøster (Lussi) og ein yngre fullbror (Truls).

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Inger blei døypt i 1789: «Døbt d. 12te Oct. Torald Hanson Qvalstad og hans Huustrues Alete Erics Datters til D. Kald. Inger, da Fadderne vare Berent Sørenson Qvalstad, Ole Martinson Træen, Marta Erics D., Olina Anders Dat. Qvalstad og Gunild Martins D. Træen.»

Elias var fødd og voks opp i Vågane, som låg i Kinn prestegjeld, men no er del av Askvoll kommune. Foreldra Karsten og Gjertrud var husmannsfolk. Elias hadde tre eldre søsken (Jonas, Pernille og Ales) og ei yngre søster (Marte).

Kvalstad og Vågane ligg på kvar si side av Stavfjorden.

Elias og Inger gifta seg den 16. november 1821, 27 og 32 år gamle. Dei var husmannsfolk og flytta ein del. I 1824 budde dei på Kvalstad, i 1825 i Vågane og i 1829 på Flora. Der vart dei buande på Brendøya. Dei fekk fire barn saman, men ei dotter døydde som barn. Inger døydde 5. mars 1841, 51 år gammal.

Elias gifta seg med enkja Malene Andersdotter den 18. juni 1843. Dei var begge omtrent 48 år gamle. Ho var fødd i Seterskaret i 1794. Foreldra var Anders Bendiksson og Orlaug Nilsdotter. Ho hadde vore gift med Bjørn Tomasson og busett på Indre Reksta. Bjørn og Malene var foreldra til Anders, som Elias og Inger si dotter Trone seinare vart gift med. Sjå 2xtipp-oldeforeldre: Bjørn og Malene. Elias og Malene fekk ikkje barn saman. Malene døydde i 1856, 62 år gammal.

Elias gifta seg med enkja Elen Oline Andersdotter 14. august 1859. Dei var 65 og 40 år gamle. Elen var fødd i Hovden i 1818. Foreldra var Anders Andersson frå Liset (Bremanger) og Elen Bolette Larsdotter frå Hovden. Elen hadde vore gift med Sakarias Karstensson frå Reksta. Dei var busette på Flora og hadde fleire barn.

Ved folketeljinga i 1865 var Elias og Elen husmannsfolk på Brendøya. Hos seg hadde dei dottera Juditte og Elen sin son Jakob Matias. Dei hadde to kyr og åtte sauer, og dei hadde sådd ei tønne havre og sett 1/2 tønne poteter.

Frå folketeljinga i 1865, «Brændøe» under Florelandet. Dei tre første personane er ein annan husstand. Elias er «Huusfader, Pladsm.» (plassmann), og han og Elen har barna «Jacob Matthias» og «Juditte Cathrine». Lengst til høgre ser vi kva dei hadde av dyr, og kva dei dyrka av poteter og korn.

Elias døydde på Brendøya 12. april 1873, omtrent 78 år gammal. Då levde ei dotter frå det første og éi frå det tredje ekteskapet hans. Elen døydde same stad i 1883.

Barn og etterslekt etter Elias og Inger

1821-07-11: Andreas Martinus. Andreas drukna i 1846 og vart ikkje funnen.

1824-08-06: Anne. Denne Anne må vel ha døydd før den andre vart fødd.

1825-09-12: Anne. Denne Anne gifta seg i 1853 med Samson Olsson. Han var fødd i 1826 i Sunnarvågen med foreldre Ole Knutsson frå Breivika og Anne Eliasdotter frå Sunnarvågen. Samson budde no på Flora, og dei busette seg der. Barn: Ole Andreas (1853), Elen Marie (1857), Gunder (1859). Anne blei spedalsk og innlagd på Pleiestiftelsen i Bergen i 1860 og døydde der same året. (Dottera Elen vart òg sjuk og var på Reknes pleiestiftelse i Molde frå 1868 til 1883.) Samson gifta seg igjen i 1862. Sonen Gunnar var gardbrukar og skinnhandlar på Brendøya ved folketeljinga i 1910, død 1930.

1829-02-22: Trone Juditte. Trone er tippoldemor, sjå Tippoldeforeldre: Anders og Trone.

Barn og etterslekt etter Elias og Elen

1859-05-15: Juditte Katrine. Juditte vart gift i 1888 med Kristoffer Olai Olsson fødd 1864 i Barekstad med foreldre Ole Kristian Karlsson (Kaland) frå Bergen og Lydia Olave Olsdotter frå Dumba. Kristoffer var urmakar, og dei budde først i Florø, så på Nordfjordeid. I 1893/94 emigrerte dei til USA. Dei hadde då ein son, Leonhard Emil Youssie (1889). Ved den amerikanske folketeljinga i 1900 budde dei med sonen i Minneapolis Ward 11 i Hennepin county i Minnesota. I den digitale versjonen er etternamnet registrert som Holland, men eg les det som Kalland. Kristoffer var urmakar. I 1910 budde Judith Kalland som enke i Victoria i McLean county i North Dakota. Hos seg har ho sønene Leonard og Kenneth, den siste åtte år. Dei var farmarar. Hos dei budde òg hennar svoger Louis Kalland, som var snikkar. I 1920 budde Leonard som kasserar med kone og barn i Minneapolis, og Kenneth budde hos dei. I 1930 budde dei der enno, han var seljar i fast eigedom. Kenneth var ikkje hos dei då. I 1940 budde Kenneth Kalland(sjåfør) i Coronada i San Diego county i California med kone.