Torald og Ales

Torald Hansson
Fødd 1748 i Øvre Redalen (Vevring)
Død 1826 på Kvalstad
Far: Hans Trulsson
Mor: Gjertrud Toraldsdotter

Torald tidlegare gift med Lussi Danielsdotter.

Ales Eriksdotter
Fødd 1750 på Kvalstad
Død 1818 på Kvalstad
Far: Erik Arnesson
Mor: Anne Andersdotter

Torald og Ales er 3xtipp-oldeforeldre:

Torald var frå Øvre Redalen og Ales frå Rabben, ein plass under Kvalstad på Svanøya.

Torald var først gift med Lussi Danielsdotter. Eg veit ikkje kor ho kom frå.

I 1780 brukte Torald jord i Sandvika. I 1782 budde dei på Endestad, og Torald søkte om å få rydde jord i utmarka i Svardalen. Men jordeigarane nekta, så saka blei til sist avvist. I 1783 fekk Torald bygselsbrev på eit bruk på Kvalstad på Svanøya, og han var brukar der frå året etter.

Det same året, 1784, var det skifte etter Lussi på Kvalstad.

Kartet viser Kvalstad på Svanøya, Sandvika langt ute i Eikefjorden, Endestad ved sørenden av Endestadvatnet og Øvre Redalen på nordsida av Førdefjorden.

Torald og Ales gifta seg i 1786.

Innførsla i kyrkjeboka for Kinn då Torald og Ales forlova seg i 1786: «Trolov. d. 21de Maj Enkem. Torald Hanson Qvalstad med Pigen Alet Erics Dat. Sammestæds, da Forloverne vare Søren Qvalstad og Martin Træen.»

Dei budde på Kvalstad. Ved folketeljinga i 1801 budde dei der med dei fire barna. I 1802 overtok sonen Hans bygselen av bruket. Ales døydde 14. april 1818, Torald 12. april 1826.

Innførsla i kyrkeboka for Kinn då «Kaarmand Tharald Hansen» døydde i 1826.

Etterslekt etter Torald og Lussi

ca. 1778: Hans. Hans gifta seg med Lisbet (el. Elisabet) Andersdotter frå Tyvågen i 1803. Han overtok garden på Kvalstad etter faren året før. Barn: Gjertrud (Daniele) (1804, gift 1828 med Gunnar Ananiasson frå Mjåset i Askvoll, busette der, gift igjen med Kristian Johannesson Ringstad i 1831), Torald Andreas (1807, gm Oline Ingvaldsdotter, bst Kvalstad), Martinus (1808), Inger Katrine (1809).

Etterslekt etter Torald og Ales

1787: Lussi Kristine. Lussi gifta seg med enkjemannen Kornelius Olsson frå Veiesundet i 1833. Han hadde før vore gift med Pernille Kristine Monsdotter Naustdal, som truleg var brordotter av Pernille Olsdotter.

1789: Inger. Inger er 2 x tipp-oldemor, sjå Tipptippoldeforeldre: Inger og Elias.

1791: Truls. Truls vart gift med enkja Olave (Oline?) Trulsdotter Kvalstad i 1812. Dei busette seg på Kvalstad. Barn: Rasmus (1813, gm Lydia Sjursdotter, bst Kvalstad, seinare Sunndalen)), Anders (1815), Anne Johanne (1818 gm Mats Olsson Bjørnset, bst Andalen, seinare Kvalstad).