3xtipp-oldeforeldre: Gunnild og Tønnes

Tønnes Olsson, f. Mønestad i Lindesnes 1766. Foreldre: Ole Reiersson og Randi Steinersdotter.

Gunnild Hoskuldsdotter, f. Jørenstad i Lindesnes 1760. Foreldre: Hoskuld Gunnuvsson og Anne Olsdotter.

Lista viser nedstamming frå Tønnes og Gunnild:

Tønnes var frå Mønestad, Gunnild frå Jørenstad, begge på Spangereid-halvøya ved Lindesnes.

Innførsla i kyrkjeboka for Audnedal då Gunnild blei døypt i 1760. Foreldre: «Haaschul Gunders. og Anne Ols D. Jørgensta» – men faren var ikkje Gunnarsson, men Gunnuvsson.

Dei gifta seg i 1786.

Jørenstad ligg midt på halvøya, Mønestad lenger nord.

Ved folketeljinga i 1801 var Tønnes og Gunnild bønder på Mønestad. Hos seg hadde dei sønene Hans og Arian.

Frå folketeljinga i 1801. Andre familie på Mønestad var bonden Tønnes Olsson med kona Gunnild Hoskuldsdotter og sønene Hans og Arian.

Tønnes døydde på Mønestad 13. desember 1826. Gunnild døydde der 20. januar 1836.

Barn og etterslekt etter Tønnes og Gunnild

1787: Rakel. Rakel døydde i 1787.

1788: Anne Marie. Anne Marie døydde nok i 1792, berre omtalt som «Tønnes Mønnestads datter 4 aar».

1791: Hans. Hans var hos foreldra i 1801. Han gifta seg med Sara Jonsdotter Mønestad i 1815.

1793: Arian. Arian var hos foreldra i 1801. Han gifta seg med Sille Katrine Tollisdotter Nedre Ballestad i 1816. Dei busette seg på Udsmog, nabogarden til Ballestad, men budde på Jørgenstad i 1817 og på Ballestad i periodar. Barn: Gjertrud Guline (1817), Daniel Tobias (1820), Tolli (1823), Ole Andreas (1825), Olene (1827), Gunhild Tonette (1830), Abraham Sakarias (1833), Anne Katrine (1836). Arian døydde i 1855. Ved folketeljinga i 1865 budde Sille og dottera Olene på Udsmog. Sille døydde i 1872.

1797: Reinert (tvilling). Denne Reinert døydde i 1797.

1797: Ole (tvilling). Denne Ole døydde i 1797.

1802: Ole. Denne Ole døydde i 1821.

1807: Reinert Tobias. Reinert er 2 x tipp-oldefar, sjå Tipptippoldeforeldre: Reinert og Oline.