Reinert og Oline
Reinert Tobias Tønnesson
Fødd 1807 på Mønestad (Spangereid, Vest-Agder)
Død 1889 på Mønestad
Far: Tønnes Olsson
Mor: Gunnild Hoskuldsdotter
Oline Eilertsdotter
Fødd 1817 i Jåsund (Spangereid, Vest-Agder)
Død 1902 på Fjellskår (Spangereid)
Far: Eilert Ariansson
Mor: Rakel Johannesdotter
Reinert og Oline er 2xtipp-oldeforeldre:
- mor: Tordis (Sigvartsdtr.), Kinn 1931
- mormor: Gudrun Teodorsdtr., Ytre Revøy 1894
- mormors mor: Teresia Teisdtr., Østre Selør 1869
- mormors morfar: Teis Reinertsson, Mønestad 1838
- mormors morfars foreldre: Reinert og Oline
Reinert var fødd og voks opp på Mønestad. Oline var fødd i Bulega (Heia) under Jåsund, der familien budde til mora døydde i 1822. Då flytta dei til Steinsland, der faren gifta seg om att.
Reinert og Oline gifta seg i 1837. Dei busette seg på Mønestad.

Ved folketeljinga i 1865 budde Reinert og Oline på Mønestad. Dei var gardbrukarar og sjølveigarar. Dei hadde to storfe og fem sauer. Dei hadde sådd 1/4 tønne bygg og 1 tønne havre og sett 2 tønner poteter. Hos seg hadde dei barna Reinert, Eilert, Karoline og Olene. Som eigen husstand budde den nygifte dottera Rakel og svigersonen Villum Villumsson der òg.

Ved folketeljinga 1875 var dei mellombels på Seli hos dottera Gurine og svigersonen Karl, men dei var bønder på Mønestad og hadde framleis Reinert, Karoline og Olene hos seg. Dei hadde tre storfe og fem sauer og hadde sådd ¼ tønne bygg og éi tønne havre og sett to tønner poteter. Reinert døydde på Mønestad i 1889. Ved folketeljinga i 1900 ser det ut til at Oline budde på Selør. Ho døydde på Fjellskår i 1902; ho budde vel då hos dottera Amalie.

Etterslekt etter Reinert og Oline
1838: Teis Gabriel. Teis er tippoldefar, sjå Tippoldeforeldre: Teis og Severine.
1840: Eilert Tobias. Denne Eilert døydde i 1841.
1842: Rakel Tomine. Rakel vart gift med Villum Olaus Villumson (f. ca. 1836), sjømann, i 1865. Dei budde saman med foreldra hennar på Mønestad ved folketeljinga same året. Ved folketeljinga i 1875 finn vi Olaves og Rakel Wilhelmsen i Mandal med sonen Rudolf (1867) og døtrene Mathilde (1870) og Olevine (1874) (alle fødde i Mandal). Olaves var matros. Ved folketeljinga i 1885 er Rakel enke i Mandal. Hos seg har ho sonen Rudolph Theodor, sjømann (no sagd å vere fødd i Spangereid), og døtrene Olevine og Olava Regine (1877). Slik er det òg i 1891.
1844: Gurine. Gurine var truleg ugift tenestejente på Njerve (Spangereid) i 1865. Ho gifta seg i 1870 med Karl Jansson. I 1875 budde dei på Seli med to barn: Janna Sofie (1871) og Sakarias (1873). Tonette, mor hans, budde hos dei, og foreldra til Gurine var der òg, men berre mellombels. I 1900 var Gurine enkje på Ytre Revøy; ho hadde hos seg sonen Reinert (f. 1878). Svigermora Tonette budde hos henne. I 1910 budde Gurine og Tonette i eit eige hushald på Ytre Revøy, same stad som Gurine sin son Sakarias og familien. Kona til Sakarias var Regine Teisdotter (sjå tippoldeforeldre 8). I 1920 budde Gurine hos Sakarias og familien.
1846: Osea. Osea vart konfirmert i 1860, kalla Olea. Det er truleg ho som er i teneste på Utvåre i Spangereid i 1865, ugift, kalla Aasea Reinertsdatter. I 1875 bur ho i Kristiansand og er gift med Moritz Jakob frå Dresden, korgmakar med eigen verkstad. Barn: Jakobine (Olene Tobine) (1870), Reinhardt/Reinert (Gotthilf) (1872), Gustaf/Gustav (Schaffrath) (1873), (Johann Carl) Edmund (1874). Søstera Amalie var tenestejente hos dei. I 1885 er mannen kalla Johann Carl Moritz Jacob. Fleire barn: Er(n)st Tobias (1876), Aase Scharlotte (1880), Ole Schellrup (1882), Sverre Moritz (1885). I 1900 bur dei enno i Kristiansand. Hos seg har dei sonen Sverre, og nye barn: Selma Gustava (1889), Signe Ernestine (1892). I 1910 bur dei der med dottera Signe. I 1920 var dei truleg døde.
1848: Elisabet. Elisabet var truleg ugift tenestejente på Seli i 1865, hos Teis Berentsson og Karoline Torjesdotter, 1875 hos enka Karen Knutsdotter same stad. Eg trur det må vere ho som er kalla Lise Reinertsen og losjerer hos Tobias Hågensson og kona Severine på Ytre Fjellskår i 1900; ho levde av gardsarbeid, spinning og veving. Denne Lise budde åleine same stad i 1910. I 1920 bur ho same stad og er kalla Elise Reinertsen Lillehavn; ho levde av spinning.
1850: Amalie. Amalie var truleg tenestejente på Trolleskei i 1865. I 1875 var ho tenestejente hos søstera Osea og mannen Moritz i Kristiansand. Ho gifta seg i 1883 med sjømann og gardmann Edvard Gabriel Pettersson frå Fjellskår i Spangereid. I 1900 budde dei på Indre Fjellskår; han var bonde og fiskar. Barn då: Pauline (1884), August (1885), Oskar (1888), Anton (1890). Mora Olene døydde på Fjellskår i 1902 og hadde kanskje då budd hos Amalie? I 1910 budde dei der med sønene August og Oskar, som var ugifte fiskarar; August var medeigar i garden. I 1920 var Amalie enkje og budde hos sonen Oskar på Fjellskår. Han var los og gift med Olava; dei hadde tre søner.
1852: Reinert Olaus. Olaus budde hos foreldra i 1865. I 1875 losjerte han hos Teis Reinertsson og Severine Jansdotter på Seli. Han vart gift i 1881 med Anne Oline Abrahamsdotter Haraldstad. Han var då sjømann. Ved folketeljinga i 1900 budde Olaus og Anne Oline på Nedre Våge i Spangereid. Barn: Amanda (1886), Reinert (1889), Oskar (1892), Otilie (1897). Dei levde av gardbruk og fiske. Der budde dei òg i 1910, med Reinert, Oskar og Otilie. I 1920 var dei truleg døde.
1854: Eilert Tobias. Denne Eilert budde hos foreldra på Mønestad i 1865. Han mønstra på eit skip til England i 1874. I 1884 blei det meldt at han var død.
1857: Karoline. Karoline budde hos foreldra på Mønestad i 1865 og i 1875. Ho døydde ugift i 1883.
1861: Oline Jørgine. Oline budde hos foreldra på Mønestad i 1865 og i 1875. Ho gifta seg i 1879 med enkjemannen Nils Andreas Nilsson frå Våge i Lindesnes. I 1891 budde dei i Lindesnes med tre barn.
